Image Toyni and Arild at the vineyard

VINSMAKING OG VINGARDSBESØK

Vinsmaking og omvisning

Me er nå ferdige med sommarope i vineriet for denne gong. Tusen takk til alle som har lagt turen til Hebnes i sommar! Velkommen til ny sesong med sommarope i 2023.

Vinsommar over all forventning

Når siste helg med sommarope på vingarden på Hebnes nå er passert, kan ein stornøgd vinbonde telje 729 gjester som har lagt vegen innom Hebnes i sommar.
– Det er over all forventning, seier vinbonde Arild Hebnes på vingarden Midtsommar i Ryfylke. – Me hadde sett oss som mål å få 500 besøkande til gards, så dette er meir enn me kunne håpe på.

Sjøvegen til Ryfylke

Han legg ikkje skjul på at båtturane med Rødne har gitt god drahjelp til besøksstatistikken. Vel 160 gjester fordelt på fire fjordcruise har gjort sitt.
– Me kan ha maks 50 personar til bords kvar gong, og sidan midten på juli har det vore fullt kvar einaste laurdag, forklarar Hebnes.

Pressebilde finn du her

Dei aller fleste gjestene har kome båtvegen til Hebnes, anten med Rødne, med hurtigbåten eller med eigne båtar. Gjestene har vore ein god miks av lokale og tilreisande, hovudsakleg frå Rogaland.

Lokalt i fat og flaske

– Me har servert 1363 glas Hebnes-vin til turistane i sommar, fortel vinbonden, som ser at det minkar godt på lageret av dei ureiste varene.

  Ungdommen på garden har dessutan køyrd skytteltrafikk mellom Hebnes og Sand for å hente lunsj frå Brunsj kafé – heile 500 serveringar i talet, seier Hebnes.

  –  Me er også veldig glade for å ha kunne servert lokale produkt på smaksfatet til vinsmakinga og som alkoholfrie alternativ til vinen. Osten Rabben Pøyg frå Ryfylke gardsysteri, spekepølsa frå Arve Århus og eplemosten til Fuglastein Fruktgard har slått godt an hjå gjestene.

Heile sommaren på Midtsommar

Den nystarta vingarden på Hebnes i Suldal har halde oppe tre dagar i veka sidan st. Hans, og har i tillegg tatt imot grupper utanom opningstid. Ennå gjenstår nokre førehandsbestilte grupper i haust, og med dei vil besøkstalet runda 800. Når desse besøka er unnagjort er det på tide å førebu årets hausting.

  – Nå håper me på ein varm haust som veg litt opp for den kalde juni og juli, og så blir det spennande å sjå kva vin me kan by gjestene våre på neste år.

OM MIDTSOMMAR:

Midtsommar – vingarden på Hebnes

Starta i 2020

6000 vinstokkar

Produserte i 2021 700 liter druevin fordelt på raud-, kvit-, oransje -og rosévin

Ligg på garden Bakkjen på Hebnes i Suldal kommune

1,5 årsverk

6000 vinstokkar fordelt på sortane:

  • Solaris
  • Rondo
  • Leon Millot
  • Bolero
  • Regent
  • Norse Odin
  • Idunn
  • Tor
  • Rosling
  • Schäfer Riesling
  • Spätburgunder