VINDRUER OG VINGARDSBESØK PÅ HEBNES

Vi dyrker vindruer og haskap som vi skal lage vin og alkoholfri drikke av. Du kan komme på vingardsbesøk hos oss. Det er dette som er prosjektet Midtsommar.

Første vin er klar for smaking sommaren 2022. Me startar med vingardsbesøk sommaren 2021.

Feltet med vindruer ligg sørvendt til, 50 meter frå fjorden, på garden vår Bakkjen på Hebnes i Suldal.

TIDSLINJE for midtsommar

2020: 1700 vinplantar og 1000 haskap-buskar – 2021: 2600 drueplantar – 2022: 2200 vindrue-plantar – 2023: Vin frå Hebnes.

Vinruene vi plantar nå, kan vi hauste av i 50-60 år framover.

Vindruer Solaris

VÅRE VINDRUER: SOLARIS

Dette er ein type druer som eignar seg godt for eit skandinavisk klima. Denne tidlige sorten nyt godt av dei lange, lyse døgna vi har her oppe i nord. Alle sortene våre tåler godt kuldegrader om vinteren. Då er plantene gått i dvale, og kan tåla heilt ned mot minus 25. Solaris er ei kvit drue, og er den sorten vi har sett mest av. Solaris eignar seg godt til både kvitvin og bobler, og kanskje blir det oransjevin? 

 

Vindruer Rondo

RONDO –  gir raud og kvit vin

Små, blå og spretne drueklaser blir det av Rondo. Blå vindruer kan brukast til både kvitvin og rødvin, så her har vi mange bruksområde. Rondo er motstandsdyktig mot sjukdommar og tålar kulde, så den eignar seg godt på desse breiddegrader.

Vindruer Rondo

superbæret haskap

Superbæret haskap, ekstremt rikt på antioksidantar, er ganske nytt her i landet (godkjent av mattilsynet i 2019), men har vore mykje brukt i Canada, Nord-Amerika, Japan, Polen … Haskap-buskene er hardføre og tåler faktisk minusgrader etter blomstring! Haskap har ein frisk og syrleg skogsbærsmak, og du kan spise friske bær, eller du kan lage syltetøy, jus, saft, te, gelé … ja eigentleg alt du ville brukt til dømes blåbær til. Sidan mange haskapsortar er rike på tanninar, er dei svært godt eigna til rødvin. 

 

OG DESSUTAN druene

  • Leon Millot
  • Regal
  • Bolero
  • Muscaris
  • Rosling
  • Tor
  • (Norse) Odin
  • Idun
  • Dorm 2

 

OM MIDTSOMMAR OG NORSK VIN

Vi er stolte medlemmar i Norske Druedyrkere, Suldal Reiselivslag og Ryfylkealliansen

Vi er ikkje svært mange som dyrker vindruer og lagar vin kommersielt her til lands, men vi er ikkje aleine heller! Og vi er slett ikkje dei første. 

Det betyr mykje for oss, som skal dyrka vindruer og lage vin her i Ryfylke, at det finst eit miljø rundt oss som driv med det same.