Om Midtsommar

Prosjektet Midtsommar blir drive av Arild Hebnes og Toyni Tobekk. Me dyrker vindruer på Hebnes i Suldal kommune, og vil frå sommaren 2022 kunne servere eigen vin på gardsbesøk hos oss.

Midtsommar
Hebnesvegen 1797
4235 Hebnes
95 96 98 09

arild@midtsommar.no

 

VISJONEN VÅR

Vi jobbar for å oppretthalda og utvikla eit levande landbruk i Suldal.

VERDIANE VÅRE

Ekte – Vi dyrkar våre eigne råvarer. Vi er bevisste på kva som er Midtsommar. «Vi selger våre egne epler.»

Opne – Ingen kan alt, og mange har meir erfaring med dyrking og vinifisering enn oss. Dei vil vi lytte til. Den kunnskapen og dei erfaringane vi tileignar oss sjølve vil vi dele vidare.

Leikne – Vi har sans for tradisjonar, og samtidig gledar vi oss ved synet av upløyd mark og blanke ark. Somme gongar vel vi opptråkka stiar, somme gongar ser vi kvar vegen fører oss.

Jordnære – Vi er bønder, og vi er glade for at vi kan få vere det. Vi har ei ydmyk tilnærming til dei ressursane vi er sette til å forvalte.

MÅLET VÅRT

Målet til Midtsommar er å lage vin tufta på eigenproduserte råvarer.

Midtsommar vil tilby opplevingar knytte til vinproduksjon og jordbruk, for turistar og tilreisande, aleine eller saman med andre næringsdrivande i Suldal.

Vi vil vere deltakarar og bidragsytarar i landbruket og i næringslivet i Suldal og Ryfylke.