Surmjølk eller musserande vin til komle?

Første druehausting i fjor vart avslutta med eit gigantisk komlemåltid. Det vart ikkje gjort så mykje meir den dagen.

Komle er det næraste me kjem nasjonalrett i Ryfylke (min påstand) og er eit middagsmåltid av dimensjonar: Mektige komler, salt kjøt, røykt pølse, kålrabi og steikt flesk. Skikkeleg bondekost med lange tradisjonar.

KRANGLEFANTAR PÅ MENYEN

Diskusjonane kan gå høgt og stridig om kva som skal ligge på fatet (den tar me ikkje nå) og kva som skal serverast i glaset. På garden har me alltid hatt raud saft, men eigentleg er det vel så vanleg med surmjølk.

Surmjølk gir meir meining enn den raude safta, som bare gjer deg tørstare for kvar munnfull. Komle er eit feittrikt måltid, og sjølv om smak og behag er individuelt, så er det slik at dei fleste av oss finn behag i kombinasjonen feit mat og syrleg drikke.

PINNEKJØT OG CREMANT

I fjor lanserte eg med brask og bram ideen om å innføre musserande vin som følge til komla. Eller, det var ikkje akkurat noko stor idelansering, men eg nemnde det i alle fall med vinbonden.

Det nappa ikkje så veldig hjå han med ein gong, men eg haldt fram med å mase om det – for dette har eg verkeleg tru på. Og for å overbevise handla eg inn noko prosecco som eg spanderte ved neste komlekorsveg.

Eg var i alle fall overbevist etterpå!

Sidan har me fått høyre at det har vore sal av komle og cava på Gladmaten i ei årrekke. Ideen er altså ikkje min – men det er ein sabla god ide!

(Eit lite vintips når me først er på feitt-og-syre-galleien: Pinnekjøt og musserande er ein kombo det står respekt av.)

TANNKREM OG EPLE

Har du prøvd å spise eple rett etter tannpussen? Me kan vel einast om at det ikkje smakar særleg godt. Den rette vinen til maten kan gjere måltidet heilt eventyrleg. Vin som ikkje passar til maten er berre stusseleg og bortkasta pengar.

Men kva er rett og kva er feil? Det kjedelege svaret er at det kjem an på kva du likar. Rett vin for deg kan vere heilt feil for meg. Me har ulikt utvikla smaksløkar og me har personlege smakspreferansar som kan variere stort. Eine dottera vår kan ete sitronar som me andre et appelsiner. Ho har nok høgare terskel for det syrlege.

Nokre enkle guidar har me då likevel:

  • Når maten er søt eller smakar umami, så vil vinen smake tørrare og bitrare/meir syrleg, og den vil bli mindre søt og fruktig.
  • Når maten er salt eller syrleg, vil vinen smake mindre tørr/syrleg og heller verke søtare og meir fruktig.
  • Er du glad i chili? Då kan det vere greitt å vite at alkohol forsterkar den sterke chilismaken.
  • Me ønsker at måltidet skal balansere. Smaksrik mat treng smaksrik vin. Me ønskjer ikkje at maten skal overdøve vinen eller omvendt.
  • Feit mat og syrleg drikke er ein kombo dei fleste av oss likar.

(Kjelde: Wines: Looking behind the label, WSET, Issue 1 2019)

SPØR EIN VEN

Så tenker du kanskje som eg, at eit måltid sjeldan er berre søtt eller berre syrleg. Kva gjer me då? Jo, me vel vin som passar til den mest dominerande smaken i måltidet. Det gamle rådet om kvitvin til fisk og raudvin til kjøt fungerer greitt nok, men kjem til kort i møte med til dømes juletorsken som gjerne har følgje av kålrabistappe, søtpotet osv. Ikkje sikkert ein forsiktig kvitvin gjer susen då.

Mitt aller beste råd til deg som lurer på kva vin du skal velje: Spør dei du kjøper vinen av. Spør kelneren din når du er på restaurant, spør dei tilsette på polet. Dei veit råd.

Og viktigast av alt: drikk den vinen du sjølv synest passar godt til maten eller stemninga. Det er aldri feil!

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.