Den store plantehelga

Endeleg kom dei! Det var altså så kjekt å få plantane i hus. Litt overraska over at dei 1450 ikkje fylte meir enn 4 pappkassar, men me skjønte fort kvifor når me opna.

Så var det bare å komme i gang, med å bore hol til plantane. Først med vanleg jordbor, der Lars gjekk først og spadde av torva med spade. Men då jordboret havarerte, var det å hiva seg rundt og finne gode alternativ. Me fekk leigd eitt hydraulisk bor frå Holmestrand fredag morgon, og Suldal transport fekk det fram til Suldal på kvelden. Dermed fekk me brukt helga på boring, og så kunne ungdommen i huset kjøre boret tilbake måndag morgon.

Knallfint vêr i helga gjorde at arbeidet med planting gjekk kjapt og greitt. Yngstemann på laget var 17, eldstemann 75. Me brukte i alt fem dagar på å få alle i jorda. Det var ein utruleg god følelse å sjå Solaris, Leon Millot og Rondo stå på rekke og rad. Nå føles det som det er i gang på skikkelig!

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.